Vinnerane av forteljingskonkurransen!

vinnerane


Nynorskstafetten kom til Klepp.

Ordførar Ane Mari Braut Nese tek imot stafettpinnen frå Noregs Mållags representant Gro Morken Endresen.


Årsmeldingar for Klepp Mållag

Klepp mållag Årsmelding 2013

Klepp mållag Årsmelding 2012

Klepp mållag Årsmelding 2011

Klepp mållag Årsmelding 2010

Klepp mållag Årsmelding 2009


Kulturkveld i Garborgsenteret

Kulturkveld i Garborgsenteret


Vinnarane av forteljingskonkurransen

Forteljingskonkurransen er over for denne gong, og takk for mange flotte bidrag! Vinnarane er:

I aldersgruppa 10-12 år:

  1. premie: Martin Bore
  2. premie: Tuva Holmen Reime
  3. premie: 5.trinn Engelsvoll skule

I aldersgruppa 13-18 år:

  1. premie: Janne Skrettingland Roba
  2. premie: Sine Grude
  3. premie: Rebekka Othelia Gamlemshaug

Premieutdeling i samband med at Nynorskstafetten vitjar Klepp 13. juni.


Nynorskstafetten, Forteljingskonkurransen og Kulturkveld

Hei!

Me er snart komne til juni og sommaren kikkar innom av og til. Endeleg har det begynt å likna på den årstida me er inne i. Det har endeleg begynt å veksa ute, både det me likar og det ugraset me helst skulle sett ikkje var der.

Me i styret i Klepp Målllag har hatt to styremøter sidan årsmøtet. Me har jobba med utfordringa knytt til få nynorskelevar ved Orstad barne- og ungdomsskule og pålegg frå Utdanningsdirektoratet om å dela gruppene meir etter målform i skriftlege fag. Me hadde i lag med skuleskrivaren i Noregs Mållag, Ingar Arnøy, eit møte med rektoren Knut Norddal. Det var eit veldig konstruktivt møte kor me kom fram til nokre tiltak som rektoren kan ta med seg og som me kan føreslå for resten av skuleleiinga i kommunen for å fremja nynorsken i barnehage og skule i heile Klepp kommune.

Nynorskstafetten 13. juni i Klepp
For det andre har me jobba med programmet for Nynorskstafetten i Klepp 13. juni. Nynorskstafetten er Noregs Mållag si markering av Språkåret 2013 som er ei nasjonal feiring av norsk språk. Meir informasjon kan de finna her:http://nynorskstafetten.blogspot.no/. Noregs Mållag vitjar Klepp 13. juni i år. Me har i samband med dette besøket eit program for dagen som omfattar som følgjer:

08:30-09:30:    Møte med ordførar Ane Mari Braut Nese, kommunalsjef Trond Roy Pedersen, barnehagesjef Åse  Kyllingstad Hatteland, kultursjef Ulf Ludvigsen og biblioteksjef  Gjertrud Slinde. Om bruk av målform i Klepp kommune, bokutval ulike bibliotek, bruk av nynorsk i barnehagane og SFO, kulturtilbod på nynorsk.

10:00-11:00:    Espira Ormadalen barnehage. Avdeling Smørblomst v/ ped.leiar Lillian Skarding. Samling med ungar, tilsette, foreldre og andre inviterte (ordførar med fleire har fått invitasjon) – ungane skal fortelja gjennom song, regler og leik kva dei har lært på nynorsk. Kaffi og kake.

omlag 11:15-12:00:  Engelsvoll skule: I samband med forteljingskonkurransen i Klepp er det opplesing og song av vinnarar. 5.-7. trinn har jobba med språk og lært seg “Mellom bakkar og berg”. Dei har også teke utgangspunkt i denne songen og skrive han litt om til å handla om Klepp. 

12:30-13:30: Klepp Ungdomsskule og samling med to 8.klassar. Først premieutdeling i forteljingskonkurransen for ungdomsgruppa. Så kjem Ingrid Z. Aanestad (tidlegare elev Klepp U. skule og no forfattar som bur i Oslo) og snakkar litt om kva ho held på med. Kvifor ho har valt å skriva bøkene sine på nynorsk? Deretter skal me ha debatt/diskusjon med elevane. Dei har fått i oppgåve å førebu seg med argument og meiningar dei har knytt til bruk av dialekt og målform. 

15:00-18:00: Stand på Jærhagen. Kaffi, småkaker og godt drøs. Utdeling av diverse materiell, ballongar, Dag og Tid, Norsk barneblad ++. Me vonar å få besøk av mange store og små på stand. Målfolk må gjerne stikka innom for ein drøs.

Forteljingskonkurransen
I vår har me hatt forteljingskonkurranse med pengepremiar. Me har hatt ei gruppe for born mellom 10-12 år og ei gruppe for ungdommar mellom 13-18 år. Me fekk mange innleverte forteljingar, flest i gruppa 10-12 år. Totalt sett fekk me inn 42 forteljingar frå heile kommunen. Veldig kjekt å lesa tekstane og me ser at fleire lærarar har teke oppgåva inn i arbeidet med elevane. Me vonar at oppgåva har gitt både elevar og lærarar som jobba med tekstane noko ekstra. 

Kulturkveld 14. juni kl. 20:00 på Garborgsenteret, Bryne
Me arrangerer i saman med Time Mållag ein kulturkveld for alle interesserte på Garborgsenteret. Det blir musikk med Torstein Obrestad, Gunnar Tønnesen og Calle Fjogstad med vener. Tom Hetland skal snakka om norsk språk overlever til 2113 og det blir helsingar frå Noregs Mållag. Me får også noko å eta frå det franske kjøkenet som held til i Garborgstova. Prisen per billett er 300,-.  Me vonar at mange tek turen til Bryne denne kvelden. Det blir ein minnerik kveld med mykje godt innhald på mange vis.

Med helsing,
Klepp Mållag


Forteljingskonkurranse for barn og unge i Klepp

I 2013 feirar me at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd.

Han hadde ein visjon om at eit skriftspråk som låg nærare opp til talemålet til
ungdommar frå bygda, ville gjera det lettare for dei å ta utdanning. Klepp og Noreg har
forandra seg mykje i same perioden.

I dette høvet utlyser Klepp Mållag ein konkurranse blant barn og unge i Klepp. Me vil
ha forteljingar om korleis det er å vera ung i Klepp i 2013. Kven kan gje oss den beste
forteljinga?

Overskrift: Barn og ungdom i Klepp i dag.

Her er nokre forslag til kva du kan velja å skriva om:
– Korleis er det å vera barn og ungdom i Klepp i dag?
– Kva er det som opptek deg?
– Korleis er det å veksa opp?
– Korleis er det å gå på skule?
– Kva er barn og unge opptekne av?
– Kva gjer dei i fritida?

Du må skriva på nynorsk eller dialekt.
Forteljinga må kunna presenterast for eit større publikum og ha interesse for andre.
Det kan vera ein tekst, eit dikt eller ein film.

Me har ei gruppe for barn frå 10 til 12 år og ei gruppe for unge mellom 13 og 18 år. Dei
tre beste forteljingane i kvar gruppe vil bli premierte slik:

1. Premie: 4.000,-
2. Premie: 2.000,-
3. Premie: 1.000,-

Konkurransevilkår:
• Konkurransen gjeld berre barn og unge i Klepp.
• Du kan laga ei forteljing åleine eller saman med andre. I tifelle fleire samarbeider,
vil premien bli fordelt mellom deltakarane.

Forteljinga skal sendast til elsebh@jbl.no innan 20. april 2013. Alle spørsmål kan også
sendast til same e-post adressa. Det er viktig å få med namna til den/dei som har laga
forteljinga, bustadadresse og alder. Vinnarane vil bli kontakta. Resultatet vil også koma i
Jærbladet.

Me ønskjer alle lukke til med forteljinga. Me vonar å få mange!

Med helsing,
Klepp Mållag v/ Else Berit Hattaland


Torvald Tu-prisen 2012

Torvald Tu-prisen 2012 – grunngjeving

 

Klepp mållag skal i dag dela ut den første Torvald Tu-prisen sin, oppretta som målpris i Klepp for å heidra den folkelege og lokale nynorskforfattaren Torvald Tu. ”Torvald Tu-prisen kan tildelast ein person, eit lag, ei gruppe eller eit føretak som har brukt nynorsk på ein fortenestefull måte i verksemda si”, heiter det i føresegnene våre for prisen. Prisen er ein plakett og ein pengepremie på 10 000,-. Klepp Sparebank gir pengane.

Det særmerkte med Torvald Tu si dikting er gleda over menneska, livet og naturen, dei gode opplevingane. Gleda hans over språket var også stor, han dyrka jærdialekten, ord og uttrykk – og musikken i språket. Torvald Tu lever vidare gjennom alle dei morosame stubbane sine, dikta og dei livfulle eventyra han skreiv.

Torvald Tu skreiv ikkje svært ofte om prestar, men i boka Hugnadsstunder fortel han i stykket Prestevitjing blant andre om husmannen dei kalla Prest-Ola. Han gjekk for å vera klok, ikkje minst fordi han hadde tent i ei heil årrekkje i prestegarden i sine unge dagar. Prest-Ola fekk ein gong ei ny tenestejente på ein gard i Klepp til å tru at det var sjølvaste presten som kom på besøk. Ho viste han inn i storstova og varsla sjølvfolket i daglegstova om kven gjesten var. Dei fekk vaska og vøla seg før dei stila mot storstova for å ”helsa vyrdeleg på presten …”. Prest-Ola lo godt då dei ”’lange’ i andleta” fekk sjå at ”det var berre han prest-Ola som sat og venta”: -Er det ’kje meg dei kallar presten, alle folk, – so jamen er det ikkje for mykje at de vøler dykk litt, og gjer litt krus på meg au.”

 

Torvald Tu-prisen for 2012 blir tildelt presten Andreas Haarr. Styret i Klepp mållag er jury for prisen og gir han til Andreas Haarr for bruken hans av nynorsk. Haarr brukar i tekst og tale eit språk med sterkt islett av dialektord og lokalprega språklege vendingar. Preikene hans står fram som ekte og jordnære. Haarr drar ofte parallellar mellom det praktiske livet her og no og bibelforteljingane. Bodskapen hans er forståeleg og kjem klart fram. Det er vanskeleg å tenkja seg ein tale eller ein andakt i Aftenbladet av Andreas Haarr på bokmål! Vinnaren av Torvald Tu-prisen 2012 veit kor viktig form og stil, trykk og pausar, nyansar i språkbruken, bilete og samanlikningar er for at bodskapen skal nå fram. Andreas Haarr får Torvald Tuprisen 2012 for å ha brukt nynorsk på ein fortenestefull måte.

 

Klepp, 28. februar 2013 Nils Olav Østrem – leiar Klepp mållag