Klepp 24
Posted: September 8, 2014 Filed under: Uncategorized Leave a commentKlepp Mållag hadde stand på Klepp 24 helga 06.-07.september. Laurdagen var kald og blaut, men sundagen kom me varme solstråler og me fekk ei fin helg likevel. Klepp Mållag hadde to konkurransar, ein for dei vaksne og ei for ungane. Folk fekk henga opp sitt favorittord på nynorsk og ungane fekk finna ut om utsegn frå nynorske barnesongar var fleip eller fakta. Elles selde med boka med barnesongar, rim og regler til Klepp Mållag. Me fekk også delt ut informasjon om arbeidet me held på med, eksemplar av Norsk barneblad og kanskje verva nokre nye medlemmar.
Besøk av Norsk Målungdom
Posted: June 18, 2014 Filed under: Uncategorized Leave a comment8. trinn på Bore Ungdomskule, og 8. og 9. trinn på Orstad Skule fekk besøk av Norsk Målungdom den 11. juni. Styreleiar Vebjørn Sture hadde eit opplegg for elevane som inviterte elevane til å diskutera, tenkja og reflektera over korleis dei tenkjer om språk, og ikkje minst: kvifor dei tenkjer som dei tenkjer om språk. Om kva det er som påverkar korleis me snakkar og skriv, korleis dei språklege forholda i Noreg er, og kva det er som gjer at dei språklege forholda er slik dei er.
Vebjørn Sture, leiar av Norsk Målungdom. Bilete: Karl Peder Mork / NMU
Årsmøte Klepp Mållag
Posted: February 1, 2014 Filed under: Torvald Tu-prisen Leave a commentTorsdag 30. Januar hadde Klepp Mållag årsmøte. Me hadde ein triveleg kveld med musikk og forteljingar frå Georg Pollestad, utdeling av Torvald Tu-prisen til Orrebuen, kaffi, mat, og mykje god drøs. Me hadde også besøk av leiaren av Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, som sa nokre ord til oss.
Klepp mållag inviterar til årsmøte
Posted: January 10, 2014 Filed under: Årsmeldingar, Torvald Tu-prisen Leave a comment
For å lesa årsmeldinga for Klepp mållag, klikk på denne lenka: Klepp mållag Årsmelding 2013
For å lesa forslag til lovar for Klepp mållag, klikk på denne lenka: Lover for Klepp mållag
Jærbladet på jærsk!
Posted: October 4, 2013 Filed under: Uncategorized | Tags: Språkåret Leave a commentOnsdag 02. oktober, markerte Jærbladet Språkåret 2013 ved å laga eit eige magasin på jærsk. Jærbladet feirer språket og jærdialekten! I magasinet finn lesaren også vinnarteksten til Martin Bore som han sendte inn i samband med forteljingskonkurransen til Klepp Mållag. På jbl.no er det meir dialektstoff. Her finst dialektprøvar frå ulike stader på Jæren, det er mogleg å testa seg seg sjølv og sine val av jærske ord i tillegg til videoar. Mykje kjekt å få med seg både på papir og på jbl.no denne veka!
Om Nynorsk og Jærdialekt på Obrestad fyr
Posted: September 17, 2013 Filed under: Uncategorized Leave a commentHå folkebibliotek og Hå gamle prestegard er sammen om å invitere til en spennende kveld i nynorskens tegn sett gjennom 3 generasjonar av forfattere. Sigbjørn Reime vil ha foredrag om Garborg og språket hans, men Helge Torvund og Ingrid Z. Aanestad fortelle om hvordan de bruker nynorsk og jærdialekt og lese eksempler fra sine bøker. Arrangementet skal være på Obrestad fyr onsdag 16. oktober fra 18.00-21.00 og er gratis. Det arrangeres felles taxi t/r Nærbø stasjon-Obrestad fyr for at arrangementet skal være tilgjengelig for flest mulig.
Gratulerer med dagen, Ivar Aasen!
Posted: August 5, 2013 Filed under: Uncategorized Leave a commentIdag, 5. august, er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.
Nytt om Nynorsk – Noreg Mållags nyhendebrev