Konstituering av styret 2015 – 04.03.2015

Referat frå årsmøtet 2015Me hadde gildt styremøte 04.03. Me ønskjer Norunn Anda hjarteleg velkomen til styret i Klepp Mållag! I møtet fordelte me arbeidsoppgåvene slik:

Leiar: Else Berit Hattaland, Nestleiar: Annvor Erås, Skrivar: Berit Brusli, Kasserar: Ove Harald Fossen. Norunn Anda er nytt styremedlem.

Våre arbeidsoppgåver i 2015 vil vera: Nynorsk for barn og unge, Verdslandsbyen 20-27.oktober, nynorsk for innvandrarar, bokkveld og/eller kulturkveld, Torvald Tu-pris, Torvald Tu-prosjekt med mål om å gje ut bok/hefte til bruk i barnehagar og småskulen, målpoltitiske utspel, spreiing av nynorske aviser og blad, næringslivsarbeid, verva nye medlemmar og halda kontakten med eksisterande medlemmar.

Me satsar elles på å endeleg få registrert laget i Brønnøysundregistra. Det vil redusera kostnadane for oss ved bruk av bank og gjer det også mogleg for oss å få del av Grasrotandelen.

Me i styret vil gjerne ha tilbakemelding frå alle interesserte, medlemmar og ikkje. Me i mållaget vil gjerne vera ein ressurs i Klepp. Ta kontakt med leiar på epost: elsebh@jbl.no eller telefon 40 007 913


Klepp mållag inviterar til årsmøte

årsmøte plakat

 

For å lesa årsmeldinga for Klepp mållag, klikk på denne lenka: Klepp mållag Årsmelding 2013

For å lesa forslag til lovar for Klepp mållag, klikk på denne lenka: Lover for Klepp mållag


Årsmeldingar for Klepp Mållag

Klepp mållag Årsmelding 2013

Klepp mållag Årsmelding 2012

Klepp mållag Årsmelding 2011

Klepp mållag Årsmelding 2010

Klepp mållag Årsmelding 2009