Klepp 24

Klepp Mållag hadde stand på Klepp 24 helga 06.-07.september. Laurdagen var kald og blaut, men sundagen kom me varme solstråler og me fekk ei fin helg likevel. Klepp Mållag hadde to konkurransar, ein for dei vaksne og ei for ungane. Folk fekk henga opp sitt favorittord på nynorsk og ungane fekk finna ut om utsegn frå nynorske barnesongar var fleip eller fakta. Elles selde med boka med barnesongar, rim og regler til Klepp Mållag. Me fekk også delt ut informasjon om arbeidet me held på med, eksemplar av Norsk barneblad og kanskje verva nokre nye medlemmar.

IMG_3064


Lenke til Rogaland Mållags nettstad.

Trykk her: Rogaland Mållag


Besøk av Norsk Målungdom

8. trinn på Bore Ungdomskule, og 8. og 9. trinn på Orstad Skule fekk besøk av Norsk Målungdom den 11. juni. Styreleiar Vebjørn Sture hadde eit opplegg for elevane som inviterte elevane til å diskutera, tenkja og reflektera over korleis dei tenkjer om språk, og ikkje minst: kvifor dei tenkjer som dei tenkjer om språk. Om kva det er som påverkar korleis me snakkar og skriv, korleis dei språklege forholda i Noreg er, og kva det er som gjer at dei språklege forholda er slik dei er.

Vebjørn sture

Vebjørn Sture, leiar av Norsk Målungdom. Bilete: Karl Peder Mork / NMU

 

 


Årsmøtereferat 30.01.2014

Årsmøtereferat 30.01.2014


Årsmøte Klepp Mållag

Torsdag 30. Januar hadde Klepp Mållag årsmøte. Me hadde ein triveleg kveld med musikk og forteljingar frå Georg Pollestad, utdeling av Torvald Tu-prisen til Orrebuen, kaffi, mat, og mykje god drøs. Me hadde også besøk av leiaren av Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, som sa nokre ord til oss.

DSCN0465Nils Olav Østrem (Klepp Mållag), Ommund Wiig (Orrebuen), Anders B. Erga (Orrebuen) og Tor Audun Bilstad (styreleiar Klepp Sparebank)


Klepp mållag inviterar til årsmøte

årsmøte plakat

 

For å lesa årsmeldinga for Klepp mållag, klikk på denne lenka: Klepp mållag Årsmelding 2013

For å lesa forslag til lovar for Klepp mållag, klikk på denne lenka: Lover for Klepp mållag


Jærbladet på jærsk!

Onsdag 02. oktober, markerte Jærbladet Språkåret 2013 ved å laga eit eige magasin på jærsk. Jærbladet feirer språket og jærdialekten! I magasinet finn lesaren også vinnarteksten til Martin Bore som han sendte inn i samband med forteljingskonkurransen til Klepp Mållag. På jbl.no er det meir dialektstoff. Her finst dialektprøvar frå ulike stader på Jæren, det er mogleg å testa seg seg sjølv og sine val av jærske ord i tillegg til videoar. Mykje kjekt å få med seg både på papir og på jbl.no denne veka!


Om Nynorsk og Jærdialekt på Obrestad fyr

Hå folkebibliotek og Hå gamle prestegard er sammen om å invitere til en spennende kveld i nynorskens tegn sett gjennom 3 generasjonar av forfattere. Sigbjørn Reime vil ha foredrag om Garborg og språket hans, men Helge Torvund og Ingrid Z. Aanestad fortelle om hvordan de bruker nynorsk og jærdialekt og lese eksempler fra sine bøker. Arrangementet skal være på Obrestad fyr onsdag 16. oktober fra 18.00-21.00 og er gratis. Det arrangeres felles taxi t/r Nærbø stasjon-Obrestad fyr for at arrangementet skal være tilgjengelig for flest mulig.  


Konsert med Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga - konsertplakatAasmund Nordstoga - konsertomtale


Gratulerer med dagen, Ivar Aasen!

Idag, 5. august, er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. 

Nytt om Nynorsk – Noreg Mållags nyhendebrev