Nynorskstafetten vitja Klepp 21.10-22.10. 2015

Nynorskstafetten representert ved Gro Morken Endresen, Øystein Skjæveland og Sigbjørn Hjelmbrekke vitja Klepp 21.10 og 22.10. Den første dagen hadde me møte med rådmann, ordførar og representantar frå kulturetaten og oppvekst, skule og barnehage. Me overleverte Grunnlova på nynorsk i glas og ramme klar til å hengjast opp ein strategisk stad i kommunehuset. Ordførar såg ut til å setja stor pris på gåva.

På kvelden 21.10 arrangerte Time Mållag eit møte på Bryne Kompetansesenter. Me drøfta med representantar for lærarkreftene i norsk ved senteret og språkstasjonen i Hå kva som skal til for at nynorsk skal bli teke i bruk som målform for våre nye landsmenn.

Dagen etter, 22.10, var lagt opp med besøk i ein del barnehagar i Klepp. Me var innom Ormadalen barnehage på Orstad, Markå barnehage, Steingarden barnehage og Storhaug barnehage. Me hadde samling med ungane i nokre barnehagar for ei lita song- og forteljestund og me hadde samtale med styrarar og pedagogar. Vårt bodskap er meir nynorsk i kvardagen i barnehagen. Me hadde med oss bokpakkar til barnehagane og ein plakat laga av Nynorsksenteret med åtte innspel for meir nynorsk i barnehagen.

På ettermiddagen hadde me stand på Jærhagen og delte ut diverse informasjonsmateriell og ballongar.

På kvelden var det kulturkveld i Eteståvå på Håland Kjøtt. Me fekk musikalske innslag frå Trine Selvikvåg og Georg Pollestad. Historielaga fortalte om sitt arbeid og ga smakebitar på årbøkene som kjem i år. Ingrid Fiskaa kåserte om kommunereforma og kvifor det er så viktig å passa på at nynorsken blir teke vare på i prosessen. Me fekk god jærsk kveldsmat i pausen.

Me takkar Noregs Mållag for at dei ville koma på vitjing og for innsatsen deira under besøket.thumb_IMG_4259_1024 thumb_IMG_4255_1024 thumb_IMG_4261_1024 thumb_IMG_4265_1024 thumb_IMG_4268_1024

Advertisements