Forfattarbesøk
Posted: October 4, 2014 Filed under: Uncategorized Leave a commentTysdag 30.09 var forfattar Kari Smeland på forfattarbesøk ved ulike skular i kommunen. 4. trinn på Engelsvoll Skule, 6. trinn på Orstad Skule, og SFO på Tu-skule fekk besøk. Det var gildt og Kari Smeland var veldig god til å få med seg elevane. Mot slutten av besøka hadde ho konkurranse der det var om å gjera å væra fyrst til å svara rett på spørsmåla, og dei som vann fekk kvar sitt eksemplar av boka Sirkus Spetakell. I tillegg fekk skulen ei signert bok. Det var populært. I tillegg vart det delt ut Norsk Barneblad.