Klepp 24

Klepp Mållag hadde stand på Klepp 24 helga 06.-07.september. Laurdagen var kald og blaut, men sundagen kom me varme solstråler og me fekk ei fin helg likevel. Klepp Mållag hadde to konkurransar, ein for dei vaksne og ei for ungane. Folk fekk henga opp sitt favorittord på nynorsk og ungane fekk finna ut om utsegn frå nynorske barnesongar var fleip eller fakta. Elles selde med boka med barnesongar, rim og regler til Klepp Mållag. Me fekk også delt ut informasjon om arbeidet me held på med, eksemplar av Norsk barneblad og kanskje verva nokre nye medlemmar.

IMG_3064

Advertisements