Haustbrev 2016

Me rakk ikkje å laga sommarbrev som vanleg i år, så då blir det haustbrev i staden.

haustbrev-2016


Årsmøte 16.02.2016

Me avvikla årsmøte som vanleg. Før sjølve årsmøtet delte me ut Torvald Tu-prisen til Klepp Historielag. Dei fekk prisen for det gode arbeidet med å fortelja vidare Klepp sine små og store historier, ofte på nynorsk. Styret i Klepp mållag tykkjer det er viktig å støtta opp om lokal skriftproduksjon på nynorsk og såleis visa at me set pris på arbeidet gruppa utfører.

fullsizerender

 

160216_referat-aarsmote-signert


Nynorskstafetten vitja Klepp 21.10-22.10. 2015

Nynorskstafetten representert ved Gro Morken Endresen, Øystein Skjæveland og Sigbjørn Hjelmbrekke vitja Klepp 21.10 og 22.10. Den første dagen hadde me møte med rådmann, ordførar og representantar frå kulturetaten og oppvekst, skule og barnehage. Me overleverte Grunnlova på nynorsk i glas og ramme klar til å hengjast opp ein strategisk stad i kommunehuset. Ordførar såg ut til å setja stor pris på gåva.

På kvelden 21.10 arrangerte Time Mållag eit møte på Bryne Kompetansesenter. Me drøfta med representantar for lærarkreftene i norsk ved senteret og språkstasjonen i Hå kva som skal til for at nynorsk skal bli teke i bruk som målform for våre nye landsmenn.

Dagen etter, 22.10, var lagt opp med besøk i ein del barnehagar i Klepp. Me var innom Ormadalen barnehage på Orstad, Markå barnehage, Steingarden barnehage og Storhaug barnehage. Me hadde samling med ungane i nokre barnehagar for ei lita song- og forteljestund og me hadde samtale med styrarar og pedagogar. Vårt bodskap er meir nynorsk i kvardagen i barnehagen. Me hadde med oss bokpakkar til barnehagane og ein plakat laga av Nynorsksenteret med åtte innspel for meir nynorsk i barnehagen.

På ettermiddagen hadde me stand på Jærhagen og delte ut diverse informasjonsmateriell og ballongar.

På kvelden var det kulturkveld i Eteståvå på Håland Kjøtt. Me fekk musikalske innslag frå Trine Selvikvåg og Georg Pollestad. Historielaga fortalte om sitt arbeid og ga smakebitar på årbøkene som kjem i år. Ingrid Fiskaa kåserte om kommunereforma og kvifor det er så viktig å passa på at nynorsken blir teke vare på i prosessen. Me fekk god jærsk kveldsmat i pausen.

Me takkar Noregs Mållag for at dei ville koma på vitjing og for innsatsen deira under besøket.thumb_IMG_4259_1024 thumb_IMG_4255_1024 thumb_IMG_4261_1024 thumb_IMG_4265_1024 thumb_IMG_4268_1024


Kva meiner dei politiske partia i Klepp om nynorsk og kommunesamanslåing

Me har spurt dei poltiske partia som stiller lister i Klepp om kva dei meiner om nynorsk og kommunesamanslåing.Venstre tok til og med jærsk talemål og nynorsk inn som ein del av partiprogrammet sitt. Du kan sjå vedlegget for oppsummeringa av svara. Gå og stem måndag, det er eit viktig val og kanskje siste gongen me stemmer i Klepp kommune.  Kva meiner dei politiske partia som stiller liste i Klepp ved valet i 2015 om nynorsk


Klepp Mållag er no registrert i Grasrotandelen

Me har no fått registrert laget i Brønnøysund og i Frivilligheitsregisteret. No kan du gje ein del av grasrotandelen til Klepp Mållag. Klepp Mållag sitt organisasjonsnummer er 997765222.


Konstituering av styret 2015 – 04.03.2015

Referat frå årsmøtet 2015Me hadde gildt styremøte 04.03. Me ønskjer Norunn Anda hjarteleg velkomen til styret i Klepp Mållag! I møtet fordelte me arbeidsoppgåvene slik:

Leiar: Else Berit Hattaland, Nestleiar: Annvor Erås, Skrivar: Berit Brusli, Kasserar: Ove Harald Fossen. Norunn Anda er nytt styremedlem.

Våre arbeidsoppgåver i 2015 vil vera: Nynorsk for barn og unge, Verdslandsbyen 20-27.oktober, nynorsk for innvandrarar, bokkveld og/eller kulturkveld, Torvald Tu-pris, Torvald Tu-prosjekt med mål om å gje ut bok/hefte til bruk i barnehagar og småskulen, målpoltitiske utspel, spreiing av nynorske aviser og blad, næringslivsarbeid, verva nye medlemmar og halda kontakten med eksisterande medlemmar.

Me satsar elles på å endeleg få registrert laget i Brønnøysundregistra. Det vil redusera kostnadane for oss ved bruk av bank og gjer det også mogleg for oss å få del av Grasrotandelen.

Me i styret vil gjerne ha tilbakemelding frå alle interesserte, medlemmar og ikkje. Me i mållaget vil gjerne vera ein ressurs i Klepp. Ta kontakt med leiar på epost: elsebh@jbl.no eller telefon 40 007 913


Årsmøte

mållaget årsmøte 2015